Følger Alexander Dale Oens gravferd.
Publisert: 11.05.2012 kl. 11:40 , endret: 01.05.2013 kl. 11:01
20 minutt før gravferda tek til i Blomvåg kyrkje er hallen der gravferda vert tv-overført til, i ferd med å fyllast opp. Det er kring 1500 sitjeplassar i den fint pynta hallen.
På kvar av dei 3x5 meter store tv-skjermane framme i salen er det stort bilde av den avdøde 26 år gamle symjeverdsmeisteren frå då han mottok prisen som årets mannlege idrettsutøvar i Norge under Idrettsgallaen på Hamar i januar.
Det er tent levande lys på eit podium framme i salen, der det også er fint pynta med blomar og flott lyssetjing.
Eit ungdomsorkester frå Bergen spelar filharmonisk musikk, og sørgjer for rørande og fin stemning i hallen.
TV 2 Nyhetskanalen er til stades med direktesendte innslag.
På veg utover mot Øygarden vart det flagga på halv stong i dei fleste tun.
Av kjende personar som er til stades i hallen har vi sett Kjersti Tysse Plätzer og ektemannen Michael Plätzer. Kjersti Tysse Plätzer tok saman med Dale Oen sølv i OL i Beijing, det var dei einaste medaljene til Hordaland i Beijing-OL.